Views
Kunstprosjektet ”Views” er strategien i målsettinga om å skapa eit levande sentrum, styrka trivsel, bulyst og næringsgrunnlag på Nesflaten. Prosjektet er nyskapande i form, prosess og metode og koplar saman lokale, regionale og internasjonale aktørar ved å transformera Sentrumsbygget til ein destinasjon ved hjelp av kunst og design. Prosjektet skal realiserast i det offentlege rom med Jeppe Hein, ein internasjonalt profilert kunstnar. Verket vil styrka turismen og interessa for regionen.
Bakgrunn for prosjektet
Sidan 2012 har den vesle bygda Nesflaten i Suldal kommune i Rogaland arbeidd for å få realisert eit kunstprosjekt gjennom foreininga LIV på NES og i samarbeid med kurator Amanda Crabtree frå ArtConnexion. ArtConnexkon er basert i Lille, Frankrike, og arbeidar med New Patrons-metoden. Prosjektet "Views" på Nesflaten av den danske kunstnaren Jeppe Hein, er det første større New Patrons-prosjektet i Noreg. Jeppe Hein besøkte Nesflaten i 2014 for å bli kjent med staden og historia, møta bygdafolket til dialog og lytta til dei lokale sine tankar og behov. Han utforma i etterkant eit verk for bygda. Seinare vart Snøhetta knytt til prosjektet.
Samarbeidspartnarar
FOR MEIR INFORMASJON OM PROSJEKET KAN DU LESA DEN FULLSTENDIGE BROSjYREN